Tilbake til oversikt
Tilbake til oversikt
Arrangement

Are Kalvø -"Berre bønder lengtar heim"

Standup
Are Kalvø -"Berre bønder lengtar heim"
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake» (Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.

Info

Saturday
4 Oct
19:00
-
20:15
Anbefalt alder:
No items found.

Overnattinger i nærheten

Se flere

Rønsholmen Brygger

Rorbuferie på Rønsholmen rett ved innløpet til Trondheimsfjorden.

Les merBestill

Standahl Rorbuferie

Rorbuferie på Oksvoll. Frisk luft og sjø - ypperlige fiskeforhold.

Les merBestill

Austrått Agroturisme

Bo midt i opplevelsene: nærmeste naboer Austråttlunden, Austrått Fort, Austrått golfbane og Austråttborgen.

Les merBestill

Garten Brygge

Ved fergeleiet til Storfosna. Utmerket sted for sykling, dykking eller fiske. Bare 10 km fra Brekstad.

Les merBestill

Beiantunet

Utleie av rom i idylliske Beian ved innløpet til Trondheimsfjorden

Les merBestill

Bakkan Wahl

Overnatting i trivelige omgivelser på Valsneset

Les merBestill

Ankeret Brygge

Komfortable rorbuer og hytter i naturskjønne Lysøysundet

Les merBestill

Oksvoll Camping

Oksvoll Camping er en liten campingplass, vakkert beliggende rett ved sjøen på Fosenhalvøya.

Les merBestill

Austrått Camping & Motel

Austrått Camping og Motel ligger idyllisk til i historiske omgivelser på Austrått. 15 minutter med sykkel fra Brekstad (utleie fra Ørland Kultursenter).

Les merBestill

Ørland Camping

Campingplass rett ved munningen av Trondheimsfjorden. Ligger idyllisk til mellom flotte gårdsbruk, med turstier, strand og sykkelavstand fra Brekstad (utleie fra Ørland Kultursenter).

Les merBestill

Hovde Gård

Et av landets flotteste steder for kurs og konferanse, bryllup, festmiddager, eventer og julebord med overnatting i herskapelige rom.

Les merBestill

Bjugn Hotell

Oppdag Bjugn Hotell – et koselig hotell med moderne fasiliteter. Perfekt for både fritids- og forretningsreisende i Ørland kommune.

Les merBestill

Ørland Kysthotell

Opplev en unik kombinasjon av moderne konferansefasiliteter og spektakulær beliggenhet ved sjøkanten i Brekstad havn.

Les merBestill